Lokalnytt

Kjempar for biblioteket på Hellesylt.

Lag og organisasjonar i Sunnylven har sendt brev til politikarar i Stranda der dei ønskjer dialog for å finne løysingar og oppretthalde kommunal drifta av biblioteket i Sunnylven.

Under budsjetthandsaminga for 2012 vart det ikkje avsett middlar til vidare drift av biblioteket på Hellesylt.

Eit sterkt lokalt engasjemang har ført til at tretten lag og organisasjonar i Sunnylven har sendt brevet om saka til leiaren i HOK og med kopi til andre politikarar.
I brevet viser dei til lesarinnlegg frå leiar i HOK, Arild Ringdal der han gjev håp om ei løysing for bibliotek på Hellesylt «om lokale krefter kan ta i eit tak».
Denne invitasjonen tek brevskrivarane i mot og ønskjer å diskutere korleis ein i samarbeid med kommunen kan sikre vidare drift.

Det heiter vidare;
– Det er eit stort og breitt engasjement blant folk i Sunnylven bak kravet om at biblioteket vårt blir oppretthalde. Vi viser mellom anna til aksjonen som Anette Frøysa og Inga Elise Vik hadde teke initiativ til og som så langt har samla 233 underskrifter.
Vi håpar og trur at også politikarar ønskjer å medverke til å finne ei løysing -.

Desse lag og organisasjonane har skrive under på uttalen:

Sunnylven sanitetslag,
Hellesylt Vekst A/S,
Samarbeidsutvalet ved Sunnylven skule,
Sunnylven bygdekvinnelag,
Hellesylt næringslag,
Hellesylt ungdomslag,
Hellesylt Vel,
Sunnylven Idrottslag,
Sunnylven pensjonistlag,
Hellesylt Lions Club,
Sunnylven skyttarlag,
Sunnylven bondelag,
Samarbeidsutvalet ved Sunnylven barnehage.

Uttalen er sendt til leiar i HOK, Arild Ringdal (Ap) med kopi til ordførar, medlemer i HOK, representantar i kommunestyre frå Sunnylven og til rådmannen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380