KM i skiskyting i Hyttehola

Skiskyttarstadion i Hyttehole. (Arkivfoto)

Skiskyttarstadion i Hyttehole. (Arkivfoto)

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL har sendt ut innbyding til KM i skiskyting 3. og 4. mars. Arena for meisterskapen er Hyttehola fleirbruksanlegg.

KM i skiskyting startar laurdag 3. mars med sprint, alle klassar.

Dagen etter er det ny sprint for klassar til og med 12 år, og jaktstart for 13 år og eldre.

Arrangøren lovar full premiering som foregår på stadion begge dagane.
I Hyttehola er det flotte snøforhold, og det er venta rundt 150 deltakarar både laurdag og søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380