Knut J. Tryggestad held fram

Styret i Sunnylven pensjonistlag, framme frå venstre Solveig Høgalmen, Knut J. Tryggestad, Lilli-Karin Ljøen. Bak f.v. Oddmund Fivelstad og Jan Erik Øksvang. Ottar Langeland var ikkje til stades.

Styret i Sunnylven pensjonistlag, framme frå venstre Solveig Høgalmen, Knut J. Tryggestad, Lilli-Karin Ljøen. Bak f.v. Oddmund Fivelstad og Jan Erik Øksvang. Ottar Langeland var ikkje til stades.

Sunnylven pensjonistlag har halde årsmøte og Knut J. Tryggestad held fram som leiar. Åge Gjørvad og Reidun Tryggestad hadde sagt frå seg attval, og nye styremedlemer vart Lilli-Karin Ljøen og Jan Erik Øksvang.

Dei andre i styret for pensjonistlag er Solveig Høgalmen, Oddmund Fivelstad og Ottar Langeland.

Varamedlemer til styret: 1. vara: Eline Fivelstad. 2. vara: Odd Jostein Bjørdal.
Valnemnd: Ruth Tronstad, Magne Hole, Olga Taraldset.

På årsmøtet som vart halde på Sunnylven kyrkjelydshus kunne Tryggestad ønskje vel møtt til godt frammøte, omlag halvparten av laget sine 70 medlemer.

Som ord for dagen las Oddmund Fivelstad to dikt av Ivar Ringdal, ”Fjellregel” og ”Klag ikkje”. Frå årsmeldinga for laget tek vi med at det har blitt halde fire større medlemsmøter med diverse underhaldning på kvar, det vart arrangerte dagstur for medlemane til Sula, og laget støtta kjøpet av hjartestartar med kr. 5000.-
Økonomien i Sunnylven pensjonistlag er god.

Eldrerådet i Stranda har fem medlemer med Bjørg Helsem som leiar. Sunnylven er representert ved Lars O. Fivelstad som er nestleiar, og med Oddmund Fivelstad som varamedlem. På årsmøtet var Lars O. Fivelstad til stades og orienterte om saker som rådet arbeider med.
Hovedoppgåva for eldrerådet er å gje uttale i alle saker som gjeld dei eldre, å arbeide med overordna planar og lite på detaljnivå.

Til slutt på årsmøtet viste Jan Erik Øksvang filmen ”Der elden slokna”, ein TV-produksjon av Oddgeir Bruaset frå 1991 om fjord- og fjellgardar langs Storfjorden og Geirangerfjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380