Lokalnytt

Kulturkveld for kunstsenter

Oddvin Parr laga mykje vakker kyrkjeutsmykking. Det blir å høyre meir om under kulturkvelden 25. februar.
Oddvin Parr laga mykje vakker kyrkjeutsmykking. Det blir å høyre meir om under kulturkvelden 25. februar.

Gjennom kreativitet og stå-på-vilje blir det arbeidd for at kunstskatten etter Oddvin Parr blir på Hellesylt. Ei bygdemobilisering har skaffa mykje ny aksjekapital, ein aksjon som blir følgt opp med kulturkveld på Sunnylven samfunnshus laurdag 25. februar.

Laurdag 25. februar blir Sunnylven samfunnshus treffpunkt for ein kveld med kulturelle go`bitar. Programmet blir variert med kåseri, musikk og songinnslag. Det blir også sal av kaffi og kaker.

-Bygda Sunnylven er rik på kulturelle og kreative krefter. Når vi manglar noko, hentar vi det berre utanfrå-, seier Jan Ove Tryggestad som kom med ideen om ein kulturkveld. Tryggestad er ordførar i Stranda, men presiserer at i dette tilfelle representerar han seg sjølv.

Harald Grytten, kjent mellom anna frå bybrannvandringar i Ålesund, kjem og kåserer og ”Kulturen i kvardagen”, prost Svein Runde er tilbake på kjente trakter med kåseri og lysbilete om ”Oddvin Parr sine kunstnarike utsmykkingar av kyrkjebygg”, og det blir song og musikkinnslag av Kristin Storstein, Olav Elling Gausdal, Lars Kvam Karbø og Andreas Havnen Hansen.

Øystein Ljøen i interessegruppa for kjøp av Peer Gynt Galleriet, tidlegare Hægstad Gård, vil orientere om arbeidet med å skaffe nok aksjekapital og om formelle ting kring gjennopning og vidare drift.
Under festen blir det høve til å teikne seg aksje for den som ikkje har fått sikra seg eigarskap i kunstsenteret tidlegare.

Når det gjeld drifta har det nye eigarskapet og styret siste ord etter at generalforsamling er halde i løpet av mars, seier Øystein Ljøen.

Det er fri inngang på kulturkvelden på Sunnylven samfunnshus laurdag 25. februar. Heile arrangementet som startar kl. 19.30 er dugnadsbasert med Hellesylt Ungdomslag som teknisk arrangør og interessegruppa for Peer Gynt Galleriet / Hægstad Gård som medarrangørar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380