Lokalnytt

Kulturkvelden går som planlagt

Fører bygdemobiliseringa til at kunstskatten etter Oddvin Parr blir på Hellesylt. Kanskje kjem svaret snart.
Fører bygdemobiliseringa til at kunstskatten etter Oddvin Parr blir på Hellesylt. Kanskje kjem svaret snart.

Kulturkvelden i høve kjøp av Peer Gynt Galleriet på Hellesylt går som planlagt, sjølv om fylkesveg 60 Ljøvegen blir rasstengd også laurdag.

Alt er klart for underhaldningskveld med fleire kulturelle innslag på plakaten i Sunnylven samfunnshus laurdag kveld.
Programmet opnar med song av unge Maria Langeland, og deretter blir det informasjon ved Jan Ove Tryggestad, før Svein Runde viser lysbilete og fortel om Oddvin Parr sitt arbeid med kyrkjekunst og utsmykning.
Harald Grytten frå Ålesund kåserer om Kultur i kvardagen, og det blir fleire innslag med song og musikk av Kristin Storstein, Olav Elling Gausdal og Lars Kvam Karbø.

Peer Gynt Galleriet kan bli ei ny storstove på Hellesylt, eit fleirbrukshus. Inge Bjørdal vil orientere om krav som må oppfyllast for å få ein slik status og kva støtte ein i tilfelle kan oppnå.
Til slutt gjev Øystein Ljøen i interessegruppa for kjøp av kunstsenteret ein oversikt kring aksjeteikninga og kvar saka står no.

Det blir også høve til å teikne seg for aksje under samlinga på Sunnylven samfunnshus.
Kulturkvelden tek til kl. 19.30 og programmet vil vare knappe to timar.
Kaffi og kaker blir servert under vegs.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380