11. april 2026

”Lyst på livet” frå HUL-scena 31. mars

Teatergjengen i HUL, samla under ei av øvingane i oktober i fjor.
Teatergjengen i HUL, samla under ei av øvingane i oktober i fjor.

HUL-teatret hadde øvd heile hausten og var godt førebudd til premiere på romjulskomedia ”Lyst på livet”. Det sette ekstremveret ”Dagmar” ein stoppar for, men 31. mars skjer det.

Uveret som starta 1. juledag snudde opp ned på alle planar for HUL-teatret. Ni skodespelarar og fleire scenehjelparar var klare med ei ny teaterframsyning som avslutning på eit aktivt jubileumsår i Hellesylt Ungdomslag.

Som indirekte følge av uveret sine herjingar var uhellet ute for ein av hovedrolleaktørane. I staden for HUL-scena vart det beinbrot, sjukehus og gipsa fot.

No er det bestemt ny dato for premiere på ”Lyst på livet”. Palmelaurdag 31. mars er alle aktørar og rekvisitter på plass og replikkane friska opp på nytt.

Vi stakk innom samfunnshuset der HUL-gjengen var i full gang med framhaldande øvingar. Dei lova to trivelege kveldstimar i Sunnylven samfunnshus laurdag 31. mars.
Om det ikkje blir nye utsetjingar då. Om få dagar reiser ein av aktørane til Afrika på ein tre, fire vekers tur, men han lovar å vere tilbake til palmelaurdag. Det håper vi også.

I grunn er palmelaurdag kvelden for den årlege grendakvelden i Sunnylven, i år med ”Bygdarane”. Dei får no eit ekstra år å øve på, så neste år blir programmet ekstra bra, fleipar HUL-gjengen.

No blir det skodespel i staden. Kanskje blir det også ei ekstra framsyning 7. april, seier leiar i Hellesylt Ungdomslag Marianne Fivelstad.

-Det blir kjempebra, dei er flinka, sa Marit Ljøen, hyra inn som sufflør under denne øvinga.
Teatergjengen har også lyst å besøke nabobygdene med skodespelet i løpet av våren, -om nokon vil ha oss på besøk då-, seier HUL-leiaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →