Operasuksess i Storfjord kulturhus

Komande operastjerner gjesta Storfjord kulturhus med framføring av Absolutt Opera, på bildet Marianne E. Andersen og Kjetil Støa.

Komande operastjerner gjesta Storfjord kulturhus med framføring av Absolutt Opera, på bildet Marianne E. Andersen og Kjetil Støa.

Rikskonsertane si suksessframsyninga Absolutt Opera er ute på vegen til glede for publikum på Vestlandet og Austlandet. I Storfjord kulturhus samla framsyninga nesten fullt hus.

Fire komande stjerner innan opera og eit glimrande musikkorps entra ei ekstra utbygd scene i Storfjord kulturhus torsdag 16. februar. Rita Heiger, Marianne E. Andersen, Kjetil Støa og Yngve Søberg imponerte med ”svisker” frå operaoppsetningar som Carmen, West Side Story og La Bohème.
I deler av den to timar lange forestillinga medverka også Strandakoret og Jårångskoret. Det musikalske sytte Forsvarets Musikkorps Vestlandet for under dirigent Peter Szilvay. Samla var meir enn 100 aktørar på scena under operaframføringa.

Dette var den desidert største oppsetning i Storfjord kulturhus til no og eit nytt tilbod av underhaldning som publikum gav til kjenne si begeistring for.
Kulturhussjef Sigurd Drege var også tydeleg nøgd og delte ut roser til hovedaktørane etter framføringa.
Fullklaff for Absolutt Opera i Storfjord kulturhus, og suksessar må gjerne gjentakast.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380