Snart auka breibandskapasitet

På toppen av Geitfjellet i Geirangerfjorden er det plassert nytt sendeutstyr for breiband i kommunen.

På toppen av Geitfjellet i Geirangerfjorden er det plassert nytt sendeutstyr for breiband i kommunen.

Direct Connect a/s jobbar med å auke breibandkapasiteten i Stranda. I veke seks kjem nytt sendeutstyr på Geitfjellet og Roaldshorn i drift om alt går etter planen.

Ein del dårleg ver har gjort at monteringsarbeidet har teke lenger tid enn planlagt, seier Richard Simonsen i Direct Connect a/s.

Fiberkabelen frå Spjelkavik til Ørskog er i drift om få dagar, og om alt klaffar skal også sendarane på 1615 meter høge Geitfjellet og 1174 meter høge Roaldshorn vere klare for drift i februar veke seks.
Det kan bli litt ustabilt i starten når utstyr og sendefrekvensar skal justerast inn, seier Simonsen, men det blir berre over ein kortare periode.
Han lovar stor forbetring av effekt og hastigheit når det nye utstyret er i full drift.

Nye brukarar
Direct Connect a/s har frå før eit godt utbygd breibandnett i Stranda, men det nye utstyret som blir drive av sol- og vindenergi, vil føre til betre kapasitet og gje nye brukarar i Geiranger dekning.
I tillegg vil Åkernes/Tafjord Beredskap IKS få ei meir stabil backuplinje og betre overvaking for kriseberedskap i området, skriv Direct Connect a/s på si nettside.

Vindmølle blåset bort
Utstyret på dei to fjelltoppane har tolt ver og vind godt, fortel Simonsen. Heller ikkje orkanen i jula rokka på mastrene, men vindmølla på Geitfjellet blåset bort. Kvar den er no veit ikkje Richard Simonsen. Selskapet har skaffa og montert ny, ei vindmølle konstruert for arktiske strøk med tanke på ising og sterk vind.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380