
Eit sørpeskred sperra fylkesveg 60 i Sveabakkane mellom Nybø og Langeland ei kort tid onsdag føremiddag. Sveabakkfonna var av det mindre slaget denne gongen.
Sørpeskredet gjekk kring kl. 9.30 fortalde Kåre Berge i Mesta. Han var i området og nærmast venta at denne fonna ville kome. Etter ein knapp time var vegen rydda.
Vegvesenet hadde vurdert om dei skulle stenge vegen, men det er ei vanskeleg avgjerd, seier Kåre Berge.
Skredet var av det mindre slaget, om lag 20 meter breitt og vel ein meter høgt.
