Takstmenn til Hellesylt stadion
Det blir skadetakst på Hellesylt stadion fredag 10. februar. Deretter kan arbeidet med å førebu restaurering av stadion starte, seier prosjektleiar Cato Andersen.
Prosjektleiar Cato Andersen kjenner ikkje til kvar takstmann kjem frå, om det er frå kommunen eller frå Terra Forsikring A/S der Sunnylven IL har alle sine forsikringar.
Under skadetakseringa møter også Kennet Berg, ein av landets beste ekspertar på kunstgrasbaner.
Andersen er også innkalla då han kjenner stadion og arbeidet frå då kunstgras vart lagt første gong hausten 2010.
Frå kommunen si side blir det jobba med å få sett stadion i stand så fort som råd. Ryddearbeidet kan starte først når skadetakst er halde. Om veret blir lagleg skulle det gå rimeleg fort å få sett bana i speleklar stand igjen, trur Cato Andersen.
Sunnylven er oppsett med heimekampar både for kvinner og herrer i slutten av april.
Undervarme til neste vinter
Ut over våren vil også arbeidet med å fullføre undervarmedelen på Hellesylt stadion starte. I samband med ny rensestasjon på Hellesylt skal det leggjast røyr utover i sjøen, både for rensestasjonen og til oppvarming på Hellesylt stadion.
Målet er å få arbeidet gjort slik at Hellesylt stadion får undervarme til neste vinter, seier Cato Andersen.