Vidare i UKM, Stranda

VIDARE: Jon Fredrik Hopland, Stryn t.v. og Kjetil Frøysa, Hellesylt gjekk vidare i UKM, Stranda.

VIDARE: Jon Fredrik Hopland, Stryn t.v. og Kjetil Frøysa, Hellesylt gjekk vidare i UKM, Stranda.

Kjetil Frøysa frå Hellesylt saman med Jon Fredrik Hopland, Stryn gjekk vidare frå Ungdomens Kulturmønstring 2012 i Stranda.

Kjetil Frøysa si framføring av sjølvskriven rap, kraftfullt kompa av Jon Fredrik Hopland på slagverk var av innslaga som fekk mest applaus i Storfjord kulturhus under UKM 2012.

Innslaget var eitt av dei fem frå over 30 deltakarar som vart bedømt til å få vidare frå Stranda.

Bilete:
Solveig Årvik(14): «Bølgen»- Fotografi
Victoria Nordholmen (15): «Zad»- Teikning

Sceneinslag:
Maiken og Solveig: «Skinny Love». Maiken Solberg (14), song, Solveig Årvdal (14), piano
Adequate ft. Joffen: «Nr.1». Kjetil Frøysa (20) – song/rap, Jon-Fredrik Hoplad (19), slagverk
Four Sticks: «Bouree». Andreas Havnen Hansen (17), trompet, Jonathan Uranes (18), bass, Øyvind Eliassen (18), gitar og Jørgen Gjerde (16),slagverk.

– Vi takkar alle som var med å lage ei fantastisk forestilling i Storfjord Kulturhus og ynskjer Stranda sine representatar lukke til i Ålesund, seier Trond Otto Berg, rektor ved kulturskulen i Stranda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380