
Sunnylvingane har blada opp lommeboka. Til no har over 200 med 2.73 mill. kroner sikra seg aksje i Peer Gynt Galleriet. Og stadig ringer telefonen hos interessegruppa.
-Ein kan vere stolt av å vere sunnylving i desse dagar. Aksjonen for å sikre Peer Gynt Galleriet på lokale hender har teke heilt av og er berre fantastisk-.
Det seier Øystein Ljøen i interessegruppa. Han er full av lovord og har full kontroll over responsen frå fastbuande og utflytte sunnylvingar som er i fleirtal på aksjonærlistene. 204 enkeltpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter hadde til onsdag 7. mars gjeve tilsagn på 2.73 mill. kroner.
-Det kom inn 5000.- kroner i dag også. Folk ringer nesten i panikk og lurer på om dei er for seine til å få kjøpe seg inn som aksjonærar. Det går bra enno, men måndag 19. mars blir det sett sluttstrek. Då er dei gamle eigarane kalla inn til generalforsamling for å løyse opp det gamle selskapet.
Kort tid etter blir det kalla inn til generalforsamling for å skipe det nye selskapet og gjere val av styre, vedta vedtekter og andre val-, seier Øystein Ljøen.
Ljøen fortel at det også blir jobba med å få eit drivarselskap på plass for å opne for drift så snart som råd. Eit par interessentar er aktuelle.
Å få kafedrifta i gong går nok greit, men det er ønskjeleg å få til eit betre besøk i kuntgalleriet enn det har vore, seier han.
Dei første åra utgjorde besøket der 1.5 mill. kroner av inntekta ved kunst og servicesenteret.