20. april 2026

Avslutta med åttande plass i Norgescupen

Trygve Aaland Tryggestad. (Arkivfoto)
Trygve Aaland Tryggestad. (Arkivfoto)

Trygve Aaland Tryggestad stod for ein av dei beste prestasjonane av ein idrettsutøvar frå Sunnylven IL på lenge då han kom på åttande plass i menn 17 år i Norgescup-avslutninga i skiskyting.

Trygve Aaland Tryggestad låg på 13. plass i Norgescup skiskyting i junior 17 år før avslutningsrenna i Trondheim 23. til 25. mars. Her slo skiskyttartalentet til med åttande plass i konkurranse med dei 30 beste i landet.

Det vart full klaff med skytinga som er den sterkaste delen til skuleeleven ved Stryn vidaregåande, skiskyttarlina. Med 18. treff av 20. skot kom han i mål 1.21.2 bak vinnar Anders Sommerstad Juveli, Lier IL.

Vinnaren var det lite å gjere med, men frå andre til trettande plass var det berre 48 sekund. Trygve Aaland Tryggestad var 29.8 sekund frå sølvplass.
Samanlagt etter fem renn kom Trygve på 11. plass i Norgescup menn 17 år.

hellesylt.no prøvde å få kontakt med 17-åringen som har representert klubben sin på ein framifrå måte gjennom ein lang vinter, men premieutdelinga tok si tid.
Derimot fekk vi ein nøgd far, Rune Tryggestad på tråden. Det var stort å få oppleve ei så god avslutning på ein lang sesonge, tykte han.
At det vart ny satsing til neste sesong var han sikker på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →