Lokalnytt

Førstehjelp i kvardagen.

Saman med Tove Hagebakk viste Per Inge Jelle korleis ein legg person i stabilt sidelege.
Saman med Tove Hagebakk viste Per Inge Jelle korleis ein legg person i stabilt sidelege.

”Førstehjelp i kvardagen” var tema då Sunnylven sanitetslag inviterte til ope informasjonsmøte nyleg. Per Inge Jelle frå Stranda Røde Kors var hyra inn for å formidle kunnskap om sjukdom og livreddande tiltak.
Det var hjarte -lunge og livreddande tiltak informasjonen først og fremst dreia seg om.
Per Inge Jelle var lite inn på førebyggjande tiltak som livsstil og kosthald, men orienterte om symptom på sjukdomar og rådgjerer den enkelte kunne yte.
Å ha ein viss kjennskap om førstehjelp var alltid nyttig, sa Per Inge Jelle som reiser mykje kring i Stranda kommune og informerer, både i skular, barnehagar og andre stader. Nyleg heldt han heildagskurs for medlemer i Sunnylven bondelag.

Å kunne forstå ein situasjon og gje hjelp i ein naudsituasjon var viktig, det vere seg ein bevisstlaus person eller ein med hjartelidigar. Per Inge Jelle, også tilsett i ambulansetenesta i Stranda viste saman med kollega Tove Hagebakk frå Stranda Røde Kors korleis ein kunne opptre og yte hjelp i visse akutte situasjonar.

Ved varsling til naudtelefon var det viktig å svare på spørsmål frå telefonbetjeninga og
behalde roa så langt råd. Då ville ein få gode råd over telefon om kva ein kunne gjere sjølve som førstehjelp.
Det kan vere lang avstand frå Hellesylt til Ålesund, men hjelpa over telefonen kan vere livreddande, sa Jelle.

Det opne og nyttige møtet i Sunnylven sanitetslag samla berre rundt 17 frammøtte.
Stranda Røde Kors informerte gratis, men frå sanitetslaget kunne dei ta med heim ei gåve på 5.000,- kroner til kjøp av utstyr.

Ruth Hole Aaland t.h. overrekte gåve på 5000.- kroner frå Sunnylven sanitetslag til Stranda Røde Kors ved Tove Hagebakk t.v og Per Inge Jelle. (Foto: Privat)
Ruth Hole Aaland t.h. overrekte gåve på 5000.- kroner frå Sunnylven sanitetslag til Stranda Røde Kors ved Tove Hagebakk t.v og Per Inge Jelle. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380