God KM-innsats
Første dag av KM i skiskyting vart prikkfritt arrangert av Sunnylven IL laurdag. Ein dyktig arrangørstab kunne by på faste fine løyper og etter kvart litt sol i Hyttehola.
I alt 111 løparar stilte til start og fullførte sprinten, 22 av dei kom frå skiskyttarmiljøet i Sunnylven IL som har vakse seg stort og godt.
Litt vind under innskytinga spakna då konkurransane starta. Det lurte mange og førte til mykje bom-skyting og dermed strafferundar.
Sunnylven IL fekk ein krinsmeister laurdag i Anne Grete Kjellstadli Langleite i J 15.
Det vart sølvmedalje på Lars Kvam Karbø i G 15 og Helge Kvam Karbø i Menn 17 år. I same klasse tok Trygve Aaland Tryggestad bronse.
Også Emilie Brekke i J 13 og Inga Nybø Vik i J 16 gjekk inn til bronsemedalje.
KM- medaljer blir delt ut frå 13 år og oppover.
I dei lavaste klassene vann Andrine Støverstein i J 11 og Inger Ringdal Sæter i J 12.
Kasper Ringdal vart nr. 3. i G 11 år.
Andre plasseringar for deltakarar frå Sunnylven:
G 12 år: 6. Brede Ringdal
J 13 år: 7. Hege Ringdal
G 13 år: 9. Stian Frøysa. 11. Ottar Frøysa Hellebostad. 12. Ole Iver Kjellstad.
G 14 år: 7. Åsmund Nybø Vik.
G 15 år: 4. Jørgen Ringdal Sæter. 6. Sigurd Kjellstad.
G 16 år: 8. Håkon Kjellstad.
Nybyrjarar gutar: Ruben Støverstein.
Gutar 9 og 10 år: Simen Frøysa Hellebostad, Loke Kjellstadli, Jakob Sæter.