
Både Helge Kvam Karbø og Trygve Aaland Tryggestad som begge går for Sunnylven IL/Team Statkraft Nordfjord gjorde eit godt junior-NM i skiskyting. Meisterskapen vart arrangert på Ullsheim av Markane IL.
På normalprogrammet fredag over 12.5 km. vart det 20. plass på Helge Kvam Karbø, 52.59.4 (0-2-1-3), og 37. plass på Trygve Aaland Tryggestad, 56.08.3 (1-3-1-2).
Laurdag var det sprint med litt vanskelege vindforhold. Her vart det 26. plass på Helge Kvam Karbø, 29.52.6 (3-3). Trygve Aaland Tryggestad kom inn til 51. plass, 32.31.3 (2-5).
Anders Sommerstad Juveli, Lier IL vann begge dei to individuelle konkurransane.
Stafett søndag.
Med Helge Kvam Karbø som startmann gjekk Sogn og Fjordane 1. inn til 8. plass i stafetten søndag. Helge veksla som nr. 12, 1.03 etter Nord-Trøndelag som også vann stafetten for M 17 – 18 år.
I tillegg til Helge Kvam Karbø deltok Isak Flo Bødal, Lars Midthjell Gjørven og Vebjørn Hjelle på stafettlaget til Sogn og Fjordane 1.
Trygve Aaland Tryggestad skulle gå andre etappe på Sogn og Fjordane 2. , men laget stilte ikkje til start.