Karneval i Sunnylven Barnehage

  • doc_2638_2
  • doc_2638_13
  • doc_2638_14
  • doc_2638_15
  • doc_2638_16

 

Torsdag var det karneval i Sunnylven Barnehage. Ansiktsmåling og spesielle drakter hadde gjort både små og store nesten ukjennelege, men flotte og spanande å sjå på var dei.

Vi møtte ei livat forsamling i Sunnylven Barnehage torsdag. 33 ungar hadde fått på seg karnevalsdrakter i fleire variantar. I ”Blåbærtuva” møtte vi både kattepusar, løvar, sjørøvarar, prinsesser, klovnar og Pippi med fletter og fregner.

I ”Trollhola”, andre enden av barnehagebygget var det fleire fargesprakande karnevalsdrakter, og der var det discotek med binkande discolys.

I Sunnylven Barnehage hadde dei tidlegare markert fastetida med fastelavnsbollar og graut på feitetysdag, fortalde barnehagetantene. Denne dagen var det tid for karneval og pølsefest. Etterpå skulle moroa halde fram med leik på uteområdet.

Sunnylven Barnehage har 33 born i alder vel eitt til seks år, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke. Åtte av dei er innskrivne og tek til på Sunnylven skule til hausten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380