Lokalnytt

Laga musikalsk perlekjede

 

Rundt 80 store og små tok turen til Sunnylven samfunnshus for å høyre Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps fredag kveld. Også korpsaspirantar og elevar frå kulturskulen i kommunen gjorde årets første korpskonsert til ei musikalske perlekjede.

Dei to skulekorpsa i kommunen er i rute. Under dirigent Trond Otto Berg framførte dei 30 musikantane i Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps både nytt og gamalt frå notearka. Det vart kjende ”svisker” frå både The Beatles, frå Flåklypa og nye Afrikanske tonar.

Norges Musikkorps Forbund har eit prosjekt gåande i Afrika der dei prøver å få unge til å spele i korps i staden for å drive gatelangs, fortalde Berg.
Etter kvart har det kome tilbake musikk frå Afrika-prosjektet, og ”Stamp” var ein av melodiane som publikum fekk høyre under konserten, med ”I was made for loving you” som siste nummer denne gongen.

Skulekorpsa har ung besetning, og nye kjem stadig til. Fredag presenterte styreleiar Gunhild Kvam tre nye aspirantar som gjennom fire korte melodiar beviste at rekrutteringa til korpsrekkene i Sunnylven skulekorps er i god rute.

Konsert med kulturskulen

Publikum fekk også høyre musikk frå anna enn messinginstrument, fløyte og klarinettar. Frå kulturskulen hadde instruktør Erik Torset sett saman lokale utøvarar til ei flott gruppe.
Maria Langeland og Veronika Stadheim Jansen med gitar og sang, Nikolaj Nybø Støverstein, sologitar, Lars Kvam Karbø, piano og Andreas Nybø Støverstein, slagverk framførte to poplåtar, fine perler i det musikalske kjedet.
Onsdag 28. mars blir det truleg fleire. Då held kulturskulen konsert på Sunnylven skule frå kokka 11.30 og utover. Konserten er open for alle song og musikkglade.

Lars Kvam Karbø avrunda ei flott musikalsk kveldsøkt med eminent pianospel, både klassisk og med svingande ragtime-rytmer.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380