Lokalnytt

Mange innom Café Snurrepiperier

Lisbeth Lervik t.h. og Ruth Hole Aaland med norske OL og VM-genserar frå 90-talet.
Lisbeth Lervik t.h. og Ruth Hole Aaland med norske OL og VM-genserar frå 90-talet.

Laurdag arrangerte Sunnylven bygdekvinnelag Café Snurrepiperier for 12. gong. Utstillinga på Sunnylven samfunnshus var jamt og godt besøkt dei tre timane den varte.

Denne gongen var det strikka kufter og genserar etter gamle og spesielle mønstrar som vart presentert.

I alt 93 plagg i alle fargar og storleikar til både born og vaksne kunne publikum sjå og mimre omkring.
Det eldste plagget var truleg ei kufte som Anna Jorunn Ljøen hadde med. Den var strikka i 1940 av Norveig på Ljøen som konfirmasjonsgåve til broren Ingebrigt. Også garnet til kufta var nok spunne og farga heime på Ljøen, meinte Anna Jorunn.
Den kvite og svarte kufta hadde åtteblads stjerner, eller Selburoser i mønsteret.

Mellom dei mange flotte plagga var også fleire av nyare dato, modellar som Marius, Fana og Setesdal. Også OL -og VM-genserar frå mange av meisterskapa på 90-talet var representert på utstillinga.

Sunnylven bygdekvinnelag baud også på kafé og sal av brennsnut, kaffi og kaker.
Café Snurrepiperier vart igjen eit vellukka arrangement der både fastbuande og mange tilreisande fann vegen innom samfunnshuset laurdag.

Kufta som Anna Jorunn Ljøen viser fram var konfirmasjonsgåve frå Norveig til broren Ingebrigt i 1940.
Kufta som Anna Jorunn Ljøen viser fram var konfirmasjonsgåve frå Norveig til broren Ingebrigt i 1940.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380