Markerte Barnehagedagen

Stor aktivitet kring bordet med måling og liming i Sunnylven barnehage. Bak til venstre står styrar Hilde Langlo Brekke.

Stor aktivitet kring bordet med måling og liming i Sunnylven barnehage. Bak til venstre står styrar Hilde Langlo Brekke.

Tysdag 20. mars vart Barnehagedagen 2012 arrangert for åttande gong. I Sunnylven barnehage starta dagen med mykje kreativt formingsarbeid saman med foreldre.

Det er Utdaningsforbundet og Fagforbundet for barnehagetilsette som i samarbeid står for markeringa av Barnehagedagen rundt om i landet. I Stranda er det lagt opp til ei felles samling på Storfjord kulturhus for alle dei sju barnehagane i kommunen om ettermiddagen tysdag 20. mars. Der deltek også eldste gruppe frå Trollhola i Sunnylven barnehage.
Før det vart dagen grundig markert i Sunnylven barnehage frå morgonen av med formingsaktivitetar saman med foreldra. Då vart lim og måling i alle fargar nytta kreativt av borna for å friske opp med nye dørskilt ved inngangsdøra heime.
Også mykje påskepynt skulle bli ferdig.

Hilde Langlo Brekke er inne i sitt 20. år som styrar ved Sunnylven barnehage.
-Å ha leiaransvaret kan vere utfordrande, ein kjem alltid fram i nye situasjonar, men det har også vore kjekt. I år markerer vi barnehagedagen med å invitere foreldra på formingsaktivitetar saman med borna for å vise korleis vi har det i barnehagen og kva vi driv med, seier Hilde Langlo Brekke.

Stranda kommune har ikkje markert barnehagedagen kvar gong dei siste åtte åra, men det skjer i år. I Storfjord kulturhus er alle barnehagar i kommunen representert om ettermiddagen under slagordet ”Det beste til dei minste”, og der blir innhald og arbeid i barnehagane presentert for dei som kjem innom mellom kl. 14.00 og 18.00.

Dei sju barnehagane i kommunen er:
Helstad barnehage,
Trollhaugen barnehage,
Sunnylven barnehage,
Geiranger barnehage,
Liabygda barnehage,
Tusenfryd barnehage,
Ringstad barnehage.

Også foreldre var aktivt med i forminsarbeidet. Nærmast frå venstre Daniel Sæter, Ståle Sæter, Jørgen Helset og Trym Helset.

Også foreldre var aktivt med i forminsarbeidet. Nærmast frå venstre Daniel Sæter, Ståle Sæter, Jørgen Helset og Trym Helset.

Litt mat og drikke før arbeid og leik for Nataniel Berbecki og Oskar Ringdal. Her saman med Trine Tryggestad og Anne Marie Hauge Ljøen.

Litt mat og drikke før arbeid og leik for Nataniel Berbecki og Oskar Ringdal. Her saman med Trine Tryggestad og Anne Marie Hauge Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380