Øcal restaurant sel softis
Frå komande fredag kan ein kjøp softis ved Øcal restaurant på Hellesylt. No er det ope dagleg ved restauranten med ekstra lange opningstider i helgar.
Sjølvsagt tilbyr Øcal restaurant mange slags rettar og spesielt mange pizzavariantar. Men no når våren er i kjømda minner dei spesielt om softisen, for frå komande fredag er salet i gong for sesongen.
Softisen blir kjempegod, lovar Tahir Øcal ved Øcal restaurant. Ein kan kjøpe store og små softis i beger eller kjeks og med sjokolade, jordbær eller krokandryss på. Fredag er tilbodet i gong og varer heile våren og sommaren til endes.