Plakett for godt mjølkestell

Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad vart tildelt 10-års plaketten på årssamling i Sunnylven og Stranda produsentlag.

Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad vart tildelt 10-års plaketten på årssamling i Sunnylven og Stranda produsentlag.

Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad er mjølkeprodusentar på garden Hjellen på Tronstad. Nyleg vart god mjølkekvalitet etter godt arbeid belønna med Tine Meierier sin 10-års plakett.

Grete og Johan Inge Kjellstad har storfe i fjøset og leverer mjølk og kjøtt. Det er mjølkeproduksjon som gjev hovedinntekta i husdyrhaldet, og nyleg fekk dei overrekt Tine Meierier sin plakett for 10 års leveranse av elitemjølk.
Grete og Johan Inge tok over gardsdrifta og ei mjølkekvote på 69.000 liter i 1995.
Fire år seinare vart fjøset utvida, og i dag er der 17 mjølkekyr som fyller ei kvote på 109.000 liter.

Det er strenge kvalitetskrav i mjølkeproduksjonen i dag, fortel dei to. Bakterietall, celletall, feittprosent og frie feittsyrer avgjer klasse og ikkje minst pris til leverandør.
For å gjere seg fortent til 10-års plaketten må all leveranse innfri dei strenge kvalitetskrava, noko som krev både kunnskap og nøye stell frå mjølkeprodusenten.

Fleire faktorar spelar inn om mjølka skal bli av beste kvalitet. Først og fremst må dyrehelsa vere god og dernest krevst det gode husdyrrom og godt utstyr.
Det krev også at du er med og ikkje slurvar med noko om ein skal fylle krava til elitemjølk, seier Grete og Johan Inge.
Frå før har dei motteke 5-års plakett.
Neste mål må vel vere sølvtina om fem år, seier dei to.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380