Planlegg nye ”Sommardagar”.

Komitemøtet måndag var ikkje fulltallig. Frå venstre leiar i Hellesylt Næringslag Øystein Ljøen, Anne Marie H. Ljøen, Silje Stadheim, Marianne Fivelstad og Eivind Louis Helset.

Komitemøtet måndag var ikkje fulltallig. Frå venstre leiar i Hellesylt Næringslag Øystein Ljøen, Anne Marie H. Ljøen, Silje Stadheim, Marianne Fivelstad og Eivind Louis Helset.

Vinteren har ikkje slept taket enno, men fleire komitéar har starta planlegging av ”Sommardagar på Hellesylt 2012”. Arrangementet som feirar 25-års jubileum, finn stad frå 6. til 8. juli.

Det blir Sommardagar på Hellesylt i år også. Sommarfesten som gjer Hellesylt sentrum ekstra folkerikt i tre dagar, blir arrangert for 25. gong med Hellesylt Næringslag som hovedarrangør.
Måndag vart det andre planleggingsmøte halde. Det meste er ikkje ”spikra” enno, men det blir Sommardagar etter den gode gamle lesten, lovar Anne Marie H. Ljøen i hovedkomiteen.
Ho reknar fort opp både tivoli, Hellesyltløp, basehopping frå Helsetkopen, andeslepp, loppemarked, friluftsgudsteneste, gratis frokost, underhaldning frå utescene, konsertar, discotek og mykje, mykje meir.

Og rundt om i Hellesylt blir det fleire stands med gode handletilbod både frå tilreisande, der mange har tinga plassar alt, og av lokale foretningar.

”Sommardagar på Hellesylt” er kjent for å ha eit stort og variert utval i mattilbod. Både grillmat, rømmegraut og hjortegryte blir å få kjøpt i tillegg til det faste serveringsstader på Hellesylt har å by på.
Arrangøren vil også i år gje ut eiga 20 siders messeavis med omtale av det som skjer gjennom heile helga.

Det er ingen grunn til å vente, men kryss av på kalendaren helga 6. til 8. juli, då er det ”Sommardagar på Hellesylt 2012”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380