Lokalnytt

Set badehuset i topp stand

Asle Ringdal t.v. og Tarjei Korsbrekke har målt ut kvar pålane for den nye landgangen skal stå.
Asle Ringdal t.v. og Tarjei Korsbrekke har målt ut kvar pålane for den nye landgangen skal stå.

Mykje arbeid skal utførast i vår og sommar for å setje det særprega badehuset på Hellesylt i topp stand. Arbeidet har alt starta og mykje skal gjerast på dugnad.

Asle Ringdal er leiar i badehusstyret i Hellesylt Ungdomslag. Han reknar fort opp fleire ting det skal rettast på, både vedlikehald og utbygging.
Den gamle landgangen til badehuset hadde sett sine beste dagar. Råteangrep gjorde at den no er fjerna og ny skal opp, vinkelrett på badehuset. Laurdag starta pælinga av ospestokkar som skal vere fundament for landgangen.

Deretter skal det byggjast opp stupetårn i fire etasjar, slik det var frå fyrst av. Stupetårnet blir 12.5 meter høgt, målt frå middelvasstand til toppen.
Alt er avklara angåande materiale og byggemåte. No ventar vi berre på anboda før arbeidet vert sett i gong, seier Asle Ringdal.

Huset skal også målast. Om nokon veit korleis fargen såg ut då det var nybygt er leiaren i badehusstyret takksam for tips.

Asle Fivelstad stilte med si største gravemaskin for å få ospestokkane djupt og fast ned i grunnen.
Asle Fivelstad stilte med si største gravemaskin for å få ospestokkane djupt og fast ned i grunnen.bade

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380