Tre frå Sunnylven går Birken

Paul Tronstad, Sunnylven IL går "Birken" for 24. gong laurdag. (Arkivfoto)

Paul Tronstad, Sunnylven IL går «Birken» for 24. gong laurdag. (Arkivfoto)

Laurdag 17. mars går Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer. Tre løparar frå Sunnylven stiller til start i den 54. km. lange styrkeprøva.

Anniken Hjellbakk Hole, Hans Kristian Hjellbakk Hole og Paul Tronstad har preparert ski og pakka 3.5 kg. i ryggsekken. Dei er klare for turen over fjella frå Rena til Lillehammer, den motsatte ruta av det birkebeinarane Torstein Skjevla og Skjevald Skrukka gjekk i 1206 då dei redda kongsbarnet Haakon Haakonsøn frå baglarane.
Anniken har gått ”Birken” to gonger tidlegare og har sikra seg like mange merker. Paul Tronstad er for veteran å rekne i langløpet med 23 startar og like mange merke til no. Det blir nok merke også i år.
Birkebeinermerke og liten pokal trur vi at også 19 år gamle Hans Kristian Hjellbakk Hole greier. Han går sitt aller første Birkebeinerrenn på laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380