Lokalsport

Damelaget spelar på Stranda stadion

I fjor duellerte Sunnylven og Stranda mot kvarandre i seriespel. I årer har dei slege seg saman og kan bli topplaget i 3. div. kvinner.
I fjor duellerte Sunnylven og Stranda mot kvarandre i seriespel. I årer har dei slege seg saman og kan bli topplaget i 3. div. kvinner.

På grunn av banesituasjonen i Sunnylven spelar samarbeidslaget Sunnylven/Stranda damer alle sine heimekampar i vårsesongen på Stranda stadion. Kampdagar er onsdag.

I 3. divisjon kvinner er åtte lag med. Seriestart er onsdag 25. april der Sunnylven/Stranda møter Herd på Stranda stadion kl. 19.05.
Ut over våren spelar laget tre kampar til på Stranda stadion, mot Brattvåg, Langevåg og Bergsøy, og ein til hausten mot Spjelkavik 5. september.
Mange sunnylvingar håpar nok at Hellesylt stadion skal bli restaurert slik at det blir kampar også der etter sommarpausen.

Trenar Hans Hole har ei solid og stor spelartropp i samarbeidslaget Sunnylven/Stranda i år. Laget vil kjempe i toppen av 3. div. kvinner, kan hende også om dei edlaste medaljene, trur vi.

Sjå terminliste:
http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=130795

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380