11. april 2026

Folkerikt på påskebingo

 

Skigruppa i Sunnylven IL avslutta langrennsesongen med premiutdeling for Sunnylvscup på ski og bingo. Som vanleg eit folkerikt arrangement som gav 30.000.- kroner i brutto.

Gevinstar til bingoen var for det meste spandert av det lokale næringsliv og bedrifter i Nordfjord.
Sunnylvscupen på ski sist vinter hadde god deltaking der 87 vart premierte i pausen under bingoen. Medaljene vart delt ut av Anniken Hjellbakk Hole, klubben si beste langrennsjente dei siste sesongane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →