Framførte påskemusikal

Ungdomskoret Joyful med dirigent Kristin Storstein.

Ungdomskoret Joyful med dirigent Kristin Storstein.

Mange gjekk til høgmesse i Sunnylven kyrkje palmesøndag. Nils Beite var vikarprest og ungdomskoret Joyful framførte den flotte påskemusikalen ”Har du hørt det” av Alf Georg Østebrøt.
Frå tidleg på 90-talet har musikalen blitt framført i Sunnylven kyrkje på palmesøndag. Musikalen har masse flott musikk og sterke tekster og fortel om alt som skjer gjennom påskeveka, om Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag.

Sterk, men flott
Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i ein innleiande song. Men snart blir alt endra og folket ropar -korsfest ham, slipp Barabass fri-. Jesus døyr på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av
grava.
Ei sterk, men likevel ei flott forteljing som dei tjue unge songarane i Joyful formidla på ein strålande måte, sa tykte vikarprest Nils Beite som saman med kyrkjelyden gav songarar og dirigent Kristin Storstein velfortent applaus

Fleire frå songkora var solistar og batt saman musikalen med forteljingar.

Emilie Brekke t.v. og Nanna Frøysa Hellebostad var to av fleire solista, her med Elisabeth Enoksen mellom seg.

Emilie Brekke t.v. og Nanna Frøysa Hellebostad var to av fleire solista, her med Elisabeth Enoksen mellom seg.

Unge solistar. Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Pernille Nybø Støverstein, Mathilde Tryggestad Forbord, Veronika Grov Øksvang.

Unge solistar. Frå venstre Inger Ringdal Sæter, Pernille Nybø Støverstein, Mathilde Tryggestad Forbord, Veronika Grov Øksvang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380