
Varmegradene var få, men vårsola titta fram måndag då elleve pensjonistar hadde leita fram hagereiskap for å rydde kring Hægstad Gård på Hellesylt.
Hægstad Gård har blitt folkeeige etter den store aksjeteikninga som sikra at arbeida etter kunstnaren Oddvin Parr forblir på Hellesylt.
Mykje vakkert å sjå innvendig i Peer Gynt Galleriet, i motsetnad til utvendig der naturen etter kvart hadde ruska til.
Det ville spreke pensjonistar gjere noko med måndag. Det vart mange hengarlass å køyre vekk etter at plenen var stussa og frukt- og bærtre var beskore. Stauder og prydbusker vart frisert, og ein gamal jordbæråker overgrodd med mose og torv vart leita fram igjen. Diverre var der berre ei jordbærplante att, fekk vi oss fortalt.
Ein kaffipause høyrde også med før nye gjeremål venta. Arbeidet gjekk med liv og lyst og uteområdet vart etter kvart både ryddig og vakkert, det var sitt eige dei stelte på.
– Vi blir neppe ferdig i dag, men resten tek vi ein annan dag, sa leiar i pensjonistlaget Knut J. Tryggestad.


