
Tysdag 1. mai er 219 aksjonærar kalla inn til første generalforsamling i ”nye” Peer Gynt Galleriet AS. På saklista står godkjenning av nye vedtekter og fleire val.
Eigarane av kunst og kultursenteret som husar kunstnaren Oddvin Parr sine Peer Gynt trerelieff, er 219 aksjonærar, dei fleste med lokal tilknyting til Hellesylt og Sunnylven.
2.833.000,- kroner vart betalt inn i aksjekapital for å sikre kjøpet som omfattar all treskurdkunst etter Oddvin Parr og i tillegg bygninga med inventar og tomt ikring. Kjøpesummen er 6.5 mill. kroner.
Tysdag 1. mai blir første generalforsamling halde i det nye selskapet der vedtekter skal opp til godkjenning og i tillegg er det val av styre, valnemnd og revisor.
På møtet blir det orientert om selskapet si finansielle situasjon, og lagt fram eit driftsbudsjett.
Generalforsamlinga blir halde i kunst og kultursenteret sine lokale på Hellesylt kl. 14.00