Klargjer opning av cruisekaia

Cruisekaia på Hellesylt er klar for å ta mot dei første turistbåtane.

Cruisekaia på Hellesylt er klar for å ta mot dei første turistbåtane.

Cruisekaia på Hellesylt er ferdigstøypt og opprydninga på land foregår for fullt. Alt er i rute til opningsfest 17. mai.

 

Kaia er no ferdig støypt og oppryddinga på land står Hellesylt Bil og Maskin A/S for.
Alt skal bli ferdig til 1. mai og opningsmarkering skjer 17. mai i samarbeid med arrangøren av nasjonaldagfeiringa på Hellesylt.

Også byggekostnaden for kaia er i rute og bikkar 64. mill. kroner. 17 røyr som vart pæla ned, men ikkje brukt blir i første omgang sveisa igjen, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Hamnesjefen ventar 116 turistbåtar til Hellesylt i sommar, og på opningsdagen legg første båt til den nye kaia. Empress har med 2000 passasjerar der mange av dei køyrer den klassiske turen ”over land”, og der andre turistar kan spasere seg ein rusletur i Hellesylt sentrum i løpet av tre timar som Empress ligg ved kaia.
I alt ti båtar har tinga kaiplass til no i 2012.

Det er gjort avtale med Geiranger Fjordservice i samarbeid med Ingers Trans, Stranda om å drifte kaia denne sesongen, fortel Rita Berstad Maraak.

Hellesylt Bil og Maskin A/S har jobben med å stelle i stand tilkomstvegar og grøntareal som har blitt skada i samband med anleggsarbeidet. Også delen av grusbana som har blitt nytta til anleggsrigg skal ryddast og grusast opp, seier Egil Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380