Mange bortekampar grunna banemangel

Også i 2010 måtte Sunnylven spele mange kampar på bortebane. Her på Hornindal stadion mot Tjørvåg.

Også i 2010 måtte Sunnylven spele mange kampar på bortebane. Her på Hornindal stadion mot Tjørvåg.

Om ikkje mykje skjer raskare enn venta kan det bli få fotballkampar med herrelaget å sjå for fotballgale sunnylvingar på Hellesylt stadion før ferien.

 

Sunnylven sitt herrelag har mange bortekampar i starten når 6. divisjon blir sparka i gong laurdag 14. april. Då møter Jens Arve Forbord sitt mannskap Flø på Høddvoll kunstgras.
Deretter er det Åmdal heime 23. april som truleg blir spela på Stranda stadion, før tre bortekampar på rad, mot Tjørvåg, Hareid 2, og Moltu/Gjerdsvika.

Heimemøtet mot Sæbø som truleg blir flytta fram frå måndag 21. til laurdag 19. mai går også på ”bortebane” på Stranda stadion, og deretter er det ny utreise for Sunnylven til Haddal og Kvamsøy/ÅVK.

Om alle makter hjelper til får heimesupporterar sjå Sunnylven på Hellesylt stadion to gonger før sommarpausen, mot Larsnes/Gursken 2 tysdag 12. juni og mot Flø måndag 18.juni.

Sjå heile terminlista for 6. div. avd. 1:
http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=130315

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380