Nytt årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag

Sunnylvsbygda grendalag har halde årssamling og handsama faste årsmøtesaker. No kallar laget inn til ekstraordinært årsmøte i slutten av april for å drøfte andre saker som vedkjem drifta av grendalaget.

Styret i Sunnylvsbygda grendalag i 2012 består av Inge Bjørdal, Marit Hellebostad, Reidar Brekke, Oddvar Tynes, Wenche Solli, Anne Grete Hjelmeland Hole, Solveig Førde.

Varamedlemer til styret: Jørn Stadheim, Margreta Helset Janssen, Egil Røyrhus.

Styret kallar no inn til ekstraordinært årsmøte for å få avklaring på fleire saker, mellom anna eit framlegg til nye vedtekter for laget, medlemskontingent for 2012, og bruk og utleige av grendahuset.

Styret ønskjer seg ein meir langsiktig plan for korleis grendahuset skal drivast og finansierast. Då bebuarane i området overtok skulen frå Stranda kommune i 1980, gjekk fleire inn med lutkjøp for i skaffe kapital til naudsynt vedlikhald og drift.
Det vart ikkje gjort vedtak korleis denne grunnkapitalen skulle forvaltast i ettertid, noko styre no ønskjer å få ei anklaring på.
Det kan også vere naudsynt med ei ny lutteikning, skriv styret i innkallinga.

Ekstraordinært årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag blir halde på grendahuset torsdag 26. april kl. 20.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380