17. juli 2026

Påskebingo og premiefest

doc_2714_2

Tysdag 3. april er det klart for skigruppa i Sunnylven IL sin påskebingo med premiefest for Sunnylvscupen i langrenn. Arrangøren lokkar med flotte bingogevinstar og premiar til cupdeltakarane.

Frå 25. januar til 21. mars arrangerte langrennsgruppa fem cuprenn i Hyttehola. Til saman 87 deltakarar frå 7 år og yngre til 17 år deltok og kan hente sine premiar under festen tysdag.
Premiefesten og bingo startar kl. 19.00

Dei fleste som skal motta premie er i gruppa 7 år og yngre med heile 32 deltakarar. Nesten like mange jenter som gutar stilte med startnummer på bryster i sunnylvscupen denne vinteren. Deretter minka det sterkt med klassevise deltakarar, frå ein til sju i kvar årsklasse.

Skigruppa håper på stort frammøte tysdag. Påskebingoen er ei av dei viktige inntektskjeldene for å kunne oppretthalde både aktiviteten og gode preparerte løyper for ski og langrenn heile vinteren igjennom.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →