Lokalnytt

Satsar frå Helsetkopen i juli

Frode Johannessen til venstre er "Kongen av Kopen". Ronny Risvik kom på andre plass i fjor.
Frode Johannessen til venstre er «Kongen av Kopen». Ronny Risvik kom på andre plass i fjor.

Verdens raskaste flygande menneske skal kårast på Hellesylt i juli. Fjellet Helsetkopen blir einaste konkurransestad i fylket for World Base Race og vil samle eit stort antall fjellflygarar.

 

For fjerde år på rad blir 1246 meter høge Helsetkopen arena for verdens raskast flygande menn og kvinner. Den populære fjellklippa midt i Sunnylvsbygda blir den einaste konkurransestaden for fjellflygarar i fylket dette året. Tidlegare har også Innfjorden i Romsdal hatt aktion med fart og røyk, men ikkje i sommar.

Populær arena
Tidspunktet for konkurransar med våghalsar i vingedrakt blir under ”Sommardagar på Hellesylt”. Dei første hoppa skjer torsdag 5. juli og finalen går laurdag 7. juli, seier Paul Fortun, sjef for World Base Race. Søndagen blir reservedag i tilfelle dårleg ver ein av dei andre dagane.
Alle konkurransar blir avvikla frå Helsetkopen denne sommaren, seier Fortun. Han veit at deltakarane likar fjellet og landingsområdet ved Helsetvatnet, der verdens raskaste flygande menneske landar.

Rekord
I fjor dominerte vossingen med slektsrøter frå Sunnmøre, Frode Johannessen. Han vann både i Helsetkopen slik han gjorde også i 2010, og i Grindsetskolten i Innfjorden. Kongen av ”Kopen” sette like godt ny rekord i fjor på strekninga frå toppen, 1300 meter horisontalt og 1100 meter vertikalt på 29.37 sek. Toppfart langt over 200 km. i timen.
Også mellom damene gjekk det fort og best var australske Liva Dichie på 33.34.

Paul Fortun var den første som hoppa frå Helsetkopen i mai 2002. Etter då har det blitt gjort fleire hundre hopp frå klippa med overheng, og utan nemnande uhell.

Livia Dichie var best mellom damene i 2011. Ein siger som begeistra også hos andre flygande.
Livia Dichie var best mellom damene i 2011. Ein siger som begeistra også hos andre flygande.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380