
På møtet 9. november i fjor blei det valt ei gruppe som fekk mandat til å sjå på korleis ein kan ta vare på Gamleskulen på Hellesylt.
Gruppa har vore i dialog med kommuna og fått hjelp frå ulikt hald for å finne gode løysingar. Planarbeidet er no kome så langt at det blir kalle inn til skipingsmøte der ein ønskjer å få valt ei foreining som kan leie arbeidet vidare med å ta vare på skulebygget. I første omgang må det utførast ein del vedlikehald då spesielt taket har mott og råteskadar.
Gruppa håper mange viser interesse og møter fram på skipingsmøte tysdag 17. april kl. 19.30 på Sunnylven samfunnshus.