Stor stemning med ”Lyst på livet”
HUL-teatret skapte stor stemning i Sunnylven samfunnshus palmelaurdag med framføring av spelstykket ”Lyst på livet”. Kan hende var det godt for mange med ein lang pause mellom dei to aktene slik at latersprengde magemusklar fekk kvile og inntørka stuper fekk fukte seg.
Kring 200 personar var sessa i storsalen då styremedlem i HUL, Geir Frøysa ønska vel møtt, Tre månader forsinka grunna uveret i jula var det no klart for premiere på romjulskomedia. Berre fordeler at det var forsenka. HUL-gjengen hadde fått meir tid å øve på og Bygdarane slapp å vere vertar for den årvisse grendakvelden, sa han i skjemtande ordelag
Skodespelet var langt og krejande i år av fleire grunnar, sa Frøysa. Hellesylt Ungdomslag runda 100 år, og det var også ein hyllest til Oddvin Parr, ein eldsjel i teaterarbeid i ungdomslaget, men som gjekk bort så alt for tidleg.
”Lyst på livet” er skrive av to engelske forfattarar og omsett av Elisabeth Thams.
I dei ni roller der handlinga foregår i London møter vi ektparet Markham i Randi Sæter og Knut Dag Langeland. Dei andre aktørane er Helge Tryggestad, Silje Stadheim, Marianne Fivelstad, Magne Brekke, Inger Ann Nybø Vik, Per Amund Frøysa og Per Kjell Leite. Alle er meir eller mindre kjærestepar med kvarandre, men har lyst på livet.
Kjennskap og samkvem mellom dei ni skaper etter kvart forviklingar mellom damer og menn der alle mistrur alle om å ha eit forhold til andre.
Det svingar ut og inn på scena og gjennom dører heile tida. Eit lystig, men krevjande stykke å få til å gli der dei største rollene var på over 200 replikkar.
HUL-teatret hadde i haust hjelp med innstuderinga av omreisande instruktør for Norges Ungdomslag, Jan Fredrik Grøndal Henriksen, Oslo.
I omtalen til framsyninga skriv Henriksen:
”Med lysten som drivkraft har det nå så friskt blitt satset på et teaterstykke. Maken til frisk satsing opplever jeg som regissør sjelden. To hundre sider med tekst er innlært”.
Premieren var fullklaff. Aktørane fekk alle sceneskifte til å klaffe og heldt stort tempo i replikkvekslingane gjennom to akter kvar på 60 minutt.
Det var noko av det beste som var blitt vist på mange år, lydde fleire kommentar etterpå.
-Eg er stolt av dei-, sa sufflør Anne Marie Sømoen Frøysa, ein kommentar som fortel mykje.
Også vi let oss imponere og deler gjerne ut toppkarakter til HUL-gjengen som også denne gongen var på høgde med det beste innan amatørteater.
Ole Aasen var ansvarleg for lyd og lys under oppsetjinga, Marit Ljøen kostyme, Lill Susann Hole og Wenche Ringdal sminke, Britt Hauge og Torunn Hauge frisør.
Ny framsyning frå HUL-scena kjem påskeaftan.