Lokalsport

Tapte for Åmdal

Henning Frøysa heldt på å skore i andre omgang, men ballen gjekk rett i fanget på Åmdal si keeper.
Henning Frøysa heldt på å skore i andre omgang, men ballen gjekk rett i fanget på Åmdal si keeper.

Sunnylven sitt herrelag tapte årets første ”heimekamp” på Stranda stadion måndag. Åmdal vann 6. div-oppgjøret 3-1 som også var pauseresultatet.

Sunnylven stilte med mykje nytt mannskap frå kampen mot Flø. Målmaskina Alf Ole Sundgot var ikkje tilgjengeleg grunna jobb, Hans Kristian Hjellbakk Hole var på reise og Olav Erling Aaland skada. I tillegg sleit både Jørgen Helset og Vidar Even Leite med småskadar, men spela kampen måndag.
Sunnylven hadde kontroll på det meste dei første 30 minutta, berre ein sjanse til gjestane var det einaste som lukta mål av. Siste kvarteret skulle det derimot kome fire nettsusarar. 1-0 til Åmdal var ei flott gjennomløping, 2-0 kom etter straffespark og 3-0 eit flott oppspel og haudestøyt i mål. Daniel Berbecki var sjanselaus på alle tre skoringane.
Sunnylven fekk si redusering etter 44 minutt, eit lavt og hardt skot av Helge Tryggestad.

Andre omgang vart mållaus sjølv om begge lag hadde sine tilbod. Sunnylven skrudde opp tempoet, men gjestane stoppa alt, også eit ti-talls hjørnespark og like mange innlegg frå ein god Henning Frøysa. Andre omgang var god av Sunnylven, men enda mållaus.
Henning Frøysa var Sunnylven sin beste mot Åmdal. God kamp også av Helge Tryggestad, Bård Forbord og Jørgen Helset.
Domar Ribic, VRF delte ut fire gule kort, tre av dei til Sunnylven.

Sunnylven – Åmdal 1 – 3 (1-3)
Mål Sunnylven: Helge Tryggestad (44)
Sunnylven:
Daniel Berbecki, Jørgen Helset, Per Ove Frøysa, Ole Arnstein Ringdal, Leif Rune Tryggestad, Vidar Even Leite, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Helge Tryggestad, Henning Frøysa, Torstein Tafjord.
Nytta innbyttarar:
Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad.

Torstein Tafjord (raud drakt) i duell framfor Åmdal sitt mål. Spelaren til høgre spela kampen i kvit t-skjorte, utan nummer. Dårleg økonomi i gjesteklubben?
Torstein Tafjord (raud drakt) i duell framfor Åmdal sitt mål. Spelaren til høgre spela kampen i kvit t-skjorte, utan nummer. Dårleg økonomi i gjesteklubben?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380