Lokalnytt

Trimtreff på appelsinhaugen

Først på trimposten på appelsinhaugen skjærtorsdag var frå venstre brørne Simen og Ottar Frøysa Hellebostad og Jørgen Ringdal Sæter.
Først på trimposten på appelsinhaugen skjærtorsdag var frå venstre brørne Simen og Ottar Frøysa Hellebostad og Jørgen Ringdal Sæter.

Friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL inviterte til årets første trimtreff på skjærtorsdag. Dagen er i påskeveka og sjølvsagt var treffstaden då appelsinhaugen i Terdalen, eller Høgane som poengposten heiter.

Først til trimposten skjærtorsdag var tre unge sprekingar frå skimiljøet i Sunnylven, brørne Simen og Ottar Frøysa Hellebostad og Jørgen Ringdal Sæter. Fort gjekk det på skøyteski sjølv i dei brattaste kneikane i knappe 3. km. og 250 meter opp.

Etterpå kom mange fleire, både unge og eldre.

Trimtreffet vart godt besøkt sjølv om sola glimra med sitt fråver. I trimboka der alle får 5. poeng vart det registrert 53 personar på skjærtorsdag, og det var trimsjef Rune Hole godt nøgd med.

Til saman 53 personar var innom posten på Høgane på årets første trimtreff.
Til saman 53 personar var innom posten på Høgane på årets første trimtreff.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380