Lokalnytt

X2-fest i Bygdaelva

 

Deltakarar i X2-Festivalen i Ørsta avvikla padlekonkurransen i Bygdaelva i Steimsåsane på laurdag. Konkurransen vart flytta frå Ørsta grunna lita vassføring i elva der. Og etter konkurransen kunne den som ville innta middagen, ein Sunnmørsk spesialitet.

-Her er det supre forhold-, stadfesta leiaren for padledelen, Joar Wæhle, opphaveleg frå Voss, men no busett i Volda.
-Vi har Bygdaelva her i Sunnylven som reserve om vi må flytte. I fjor gjekk det bra i Ørsta, men i år var der for lita vassføring. Her er det flotte forhold, ikkje for lite vatn og heller ikkje for mykje som kan vere fårleg for padlarane. I den store fossen i målområdet er det fjell på begge sider som vi ikkje ønskjer å støyte saman med. Ellers er elvestrekninga heilt ideell, både i lengde og med fossestryk. Det var berre litt kaldt for fingrane i dag-, sa Joar Wæhle og såg opp i terrenget der nysnø låg langt ned gjennom lia.

Internasjonalt
I alt 5 damer og 17 menn deltok i konkurransen laurdag. Det var start på toppen av fossestryka litt forbi Øie bru, og målgang i Ljoshølen, eller inntaksdammen til Stadheim kraftverk. Det vart padla to omgangar og vinnar vart den med best tid samanlagt.

X2-Festivalen i Ørsta starta torsdag og blir avslutta søndag 15. april. I tillegg til deltakarar frå heile landet er det med fleire frå europeiske land som Sveits og Nederland, fortalde Wæhle. Andre øvingar på X2-programmet var skikonkurranse og køyring på langboard, eit brett med hjul på.

Potetball
Tøffe friluftsfolk må også ha mat. Då gjeld det om å servere god norsk sikringskost, og kva er vel meir kraftfullt og meir sunnmørsk enn potetball. Det kunne alle deltakarar og medhjelparar nyte i Steimsåsane etter padlekonkurransen laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380