Barnas favorittpølse frå Hellesylt.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med beviset på at kjøttvarebedrifta produserer barnas grillfavoritt.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med beviset på at kjøttvarebedrifta produserer barnas grillfavoritt.

Ole Ringdal AS si grillpølse er barnas favoritt. Det er klart etter at fem barnejuryar hadde sagt sitt.

Det var under NM i kjøttvarer at barnas grillfavoritt vart kåra. Det spesielle med kåringa var at det var barna sjølve som skulle stå for bedømminga av grillfavoritten.

17 produkt var påmeldt, pølser, nokre burgere og eitt grillspyd med kjøttboller og minipølser.

Til å kåre ein vinnar mellom desse var det plukka ut fem juryar, plassert i Trondheim, i Oppegård, på Nordstrand, på Sandaker og på Grefsen, til saman 34 born i alder 3 til 12 år.
Barne hadde eigne dommarskjema med smilefjes, mellomfornøgde fjes og med tommelen ned.

Sjøl om grillpølser ikkje har skinn så reagerte fleire på at pølser hadde hardt og tjukt ”skal”, produkt med tydeleg kryddersmak fall i god jord hos dei eldste.

Etter mykje ”streng” bedømming av dei fem barnejuryane var resultatet klart.
Barnas grillfavoritt 2012 er Grillpølse frå Ole Ringdal AS.
Eit stort flott diplom er det synlege bevis på topplasseringa som skal få sin plass saman med mange andre utmerkingar for gode produkt frå bedrifta, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380