Bygdekvinnelaget inviterer på tur

Sunnylven bygdekvinnelag arrangerer tur for sine medlemer laurdag 9. juni med oppmøte ved Sunnylven samfunnshus kl. 10.00. Der i frå går turen med buss gjennom Norangsdalen til Urke Gartneri og tilbake til matservering på Villa Norangdal.

Vårturen for medlemane i Sunnylven bygdekvinnelag går til Urke Gartneri. Her blir det god tid til å handle inn flotte blomster til utplanting heime, før det blir retur til Villa Norangdal.

På hotellet er det servering av Sunnmørsk tapas-tallerken og kaffi. Prisen er kr. 195,- som medlemane betaler sjølve.
Laget betaler leige av buss og sjåfør.

På grunn av matserveringa treng ein påmelding til turen, skriv styret i Bygdekvinnelaget. Meld deg på til ein triveleg vårtur til Eva, tlf. 91 19 07 08 innan 5. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380