
Sunnylven sanitetslag vart offisielt skipa 4. mai 1912. Fredag 4. mai markerer laget 100-års jubileet med medlemer og inviterte gjestar til stades på Peer Gynt Galleriet.
Tuberkulose var ein alvorleg og frykta sjukdom for hundre år sidan og mange døydde, også unge. Sjukdomen var den indirekte årsaka til at Sunnylven sanitetslag vart skipa med Gudrun Flo som første leiaren i laget.
Sanitetskvinnene trong eit møtelokale når dei heldt basar til inntekt for tuberkulosesaka. Dei søkte om å få nytte bedehuset, men fekk nei til ei så ”verdsleg sak”. Dermed leigde dei skulen i staden og fekk inn 100,- kroner til tuberkulose-saka på ein av dei første basarane.
Etter kvart fekk laget leige bedehuset til møter og basarar, men med vakter på plass i lokalet. Det skulle passast på at ingen lo eller klappa, det var strengt forbode.
Slik kan ein lese frå Sunnylven sanitetslag si historie i boka ” Ei hjelpande hand og eit smil attpå”.
Fredag 4. mai blir det meir både frå lagssoga og andre innslag når laget markerer 100 år. Laget driv godt og er eit sosialt ankerfeste i Sunnylven framleis.
Festleiar blir Ann Kristin Langeland, kåsør er Yngvar Andersen, kjent frå NRK og Puls, det blir song og musikk ved Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide, trekking av jublileumslotteriet og der blir ei utstilling av gjenstandar som fortel om laget si historie gjennom 100 år.
Vel 100 unge og eldre har meldt seg på til jubileet, mellom dei fleire inviterte gjestar frå nabobygder og fylkeslag. Under festen på Peer Gynt Galleriet er det også avsett tid til helsingar og servering av koldtbord, kaffi og kaker.

