Fleire innslag frå Hellesylt på TV

  • doc_2822_2
  • doc_2822_13
  • doc_2822_14

 

Dagen før dagen var det prøvesending og innslag på TV frå Hellesylt og nyekaia. Alt fungerte som det skulle.

Foto: Arne Inge Tryggestad

NRK Møre og Romsdal hadde innslag frå Hellesylt kai onsdag 16. mai. Her kunne vi sjå og høyre både leikarring, folkemusikk og Sunnylven skulekorps. Tore Ellingseter hadde også intervju med ordførar Jan Ove Tryggestad.

Før offisiell opning på nasjonaldagen er kaia reingjort. Det har lokalt mannskap frå Stranda Brannvern ordna.

Det blir fleire innslag frå åpningsseremonien og nasjonaldagfeiringa på Hellesylt i den nasjonale sendinga på NRK 1 som startar kl. 07.30.
Første innslaget er intervju med hamnesjef i Stranda, Rita Berstad Maraak ca. kl.09.25, seinare blir det innslag frå kaiopning ca 10.20, og siste kjem ca. kl. 12.30 frå Peer Gynt Galleriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380