Forkynnaren Matias Orheim

Frode Rasmussen og Linda Øvrebø som Matias og Marie

Frode Rasmussen og Linda Øvrebø som Matias og Marie

Sogn og Fjordane teater reiser i desse dagar rundt med forestillinga om salmediktar og predikant Matias Orheim frå Stårheim i Nordfjord. Tysdag var turen komen til Sunnylven kyrkje.

Rundt 50 personar fann vegen til Sunnylven kyrkje og opplevinga med Frode Rasmussen og Linda Øvrebø som Matias og Marie. Det var ei vakker og sterk forestilling om ein sterke person med ei trufast og hjelpsom kone.
Matias Orheim skulle bli bonde, men vart blind i ung alder. Frå han var 16 år til han døydde i 1958, 74 år gamal var han avhengig av andre og fekk mest hjelp av kona Marie og ei dotter. Han reiste landet rundt som predikant, inspirert av Ludvik Hope og Hans Nilsen Hauge.
Orheim spela fele og glasmusikk på møta og han hadde ei framifrå talegåve der bodskapen var ”Eg hev ei teneste stor for Gud”.
Orheim var aktiv og let seg ikkje stoppe av gode råd frå Marie. Han skulle gjennomføre det han hadde sett seg som mål sjølv om han var blind. Mellom anna stod han bak den aller første misjonsbåten ”Brand”.

Matias Orheim skreiv mange songar. Dei mest kjende er kan hende ”Kvardagskristen vil er vera” og ”Eg fann min Gud i ungdoms år”. Desse to var også med i forstillinga i Sunnylven kyrkje som allsong.

Frode Rasmussen tolka rolla som den blinde Orheim framifrå. Også Linda Øvrebø som kona Marie trollbant publikum. Andre medverkande var Liv-Jorun Bergset, Randi-Merete Roset som spela på glas og Gro Marie Svinda, fele. Dei tre batt forestillinga saman med forteljingar. Oddmar Andersen spela gitar og Rolf Prestø bass.

Liv-Jorun Bergset og Randi-Merete Roset til høgre spela på glas.

Liv-Jorun Bergset og Randi-Merete Roset til høgre spela på glas.

Gro Marie Svidal og Frode Rasmussen.

Gro Marie Svidal og Frode Rasmussen.k

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380