Kjøttvaret i Norgestoppen
Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt produserer varer til topplaseringar. Under NM i kjøttvarer nyleg henta hjørnesteinsbedrifta heim gull, sølv og bronsemedaljer. Resultatet vart feira med marsipankake.
NM i kjøttvarer i Oslo samla rundt 50 av landets største kjøttvareprodusentar. I ein konkurranse som stadig blir kvassare, vart det nok ein gong edelt metall for gode produkt frå Ole Ringdal AS på Hellesylt;
Gull for beinfri fenalår,
sølv for spekepølse,
sølv for Ringdal spekemør,
bronse for oppskåren spekemør.
I tillegg vart det diplom for Ringdal grillpølse som vart kåra til barnas grillfavoritt.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal er svært godt nøgd med resultatet frå NM kjøttvarer.
-Eg er stolt og kjempeførnøgd. Vi har ein gjeng tilsette som står på og jobbar målbevisst for at vi skal levere det beste og det kundane vil ha, seier han.
Ringdal nemner også andre faktorar som har betydning for at kjøttvarebedrifta på Hellesylt stadig vekk hevdar seg i norgestoppen.
-Vi ligg i eit landbruksfylke med kort inntransport av råvarer og der det blir produsert mykje fine slaktedyr. Her har vi mange trufaste leverandørar som ser verdien av å levere og støtte opp om ei lokal bedrift. Dette samarbeidet håper vi skal halde fram så vi prøver å gje bonden nokre fordeler tilbake. Vi betaler ut overpris på slakteoppgjøret og sløyfer stoppavgift. Inga innmelding av slaktedyr er for lita for oss, dyra blir henta kvar det er i fylket, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
Han ønsker seg større tilførsler av slakt, spesielt sau og lam.
Gullproduktet beinfri fenalår er produktet som ein finn i butikkhyllene som vakuumpakka oppskåre spekekjøtt. Også dei andre medaljeprodukta er i hyllene i daglegvarebutikkane.