Lokalnytt

Klart for kaiopning

I desse dagar foregår siste finpuss før kai-opning på Hellesylt 17. mai.
I desse dagar foregår siste finpuss før kai-opning på Hellesylt 17. mai.

Alt er klart for opning av nye-kaia på Hellesylt 17. mai. Det stadfestar hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Litt småplukk står kan hende att på opningsdagen, men cruiseskipet Empress er på veg og blir møtt av både korpsmusikk og salutt når båten klappar til kai på nasjonaldagen, etter planen kl. 10.00.
Der og då blir det offisiell opning av djupvasskaia med snorklipping av ordførar Jan Ove Tryggestad. Det er ikkje sendt ut spesielle invitasjonar, alle er invitert til kaiopninga, seier Rita Berstad Maraak.

Om veret slår til vil dette bli ein stor og spesiell dag på Hellesylt med 17. mai-feiring og med direktesending på NRK. 17. mai – komiteen i Sunnylven har lagt opp sitt program for dagen slik at alle som vil kan få vere med på opningsseremonien.

Det blir gudsteneste i Sunnylven kyrkje kl. 09.00 og etterpå går folketoget med Sunnylven skulekorps i spissen til nye-kaia.
Resten av 17. mai-feiring på Hellesylt blir som tidlegare år, med besøk til omsorgssenteret og folkefest på Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380