Mange helsa Sunnylven sanitetslag
Festleiar Ann Kristin Langeland hadde mange på talarlista som ville helse til jubilanten Sunnylven sanitetslag under 100-års markeringa fredag kveld.
Anne Lise Johansen var utsent med gode ord og blomar frå fylkesstyret.
Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune.
Han takka for invitasjonen til den flotte jubileumsfesten og gratulerte til alle, sanitetslaget spesielt. Han visste at sanitetslaget var eit viktig lag i bygda, men etter å ha lese boka om laget si historie frå 1912 og fram til i dag, var han endå meir overtydd.
I godt lag er der alltid også plass til litt skjemt, og Tryggestad hadde historia på lur.
Då sanitetslaget feira 75 år var det ein sambygding som skulle helse frå Stranda kommune. Det grudde karen seg litt til, for ikkje visste han så mykje om kva sanitetslaget dreiv med, og så skulle han snakke til sambygdingar. -Trøste og bere, korleis skal dette gå-, sa han.
Han sa det utan å vite det, for ”å trøste og bere” var vel noko av det sanitetslaget har stått for.
Frå Sunnylven omsorgssenter bar Anita Langeland fram ei helsing der omsorgssenteret takka for alltid god støtte.
Rektor Roar Seljeset helsa frå Sunnylven skule og trekte fram godt samarbeidet med sanitetslaget, spesielt i vekene før jul, men også andre tider av året.
Prost Svein Runde var også til stades på festen og helsa frå kyrkjelyden som han hadde tent i 26 år før han vart prost, og frå Den Norske kyrkja.
Hildegunn Fjørstad helsa frå Stranda Helselag og overrekte bok og blomar.
Frå sanitetsdamene i Hornindal helsa Pernille Tomasgård og las dikt.
Sparebanken Møre var representert ved banksjef Stig Tryggestad som overrekte eit gåvediplom på 60.000,- kroner. Sanitetslaget har alt kjøpt aksje i Peer Gynt Galleriet AS for same beløp.
Frå Hellesylt næringslag helsa styremedlem Liv Jorunn Sporstøl med gåvesjekk.
Rita Eide Ljøen bar fram helsing og gåve frå Sunnylven Bondelag.
Gåve også frå Sunnylven bygdekvinnelag overrakt av Lisbeth Lervik.
Frå Hellesylt Vekst helsa styreleiar Geir Frøysa og overrekt blomar.
Leiar Jens Vik helsa frå Sunnylven Idrottslag, Olga Taraldset frå Lions Club, Hellesylt og Marianne Fivelstad frå Hellesylt Ungdomslag.
Siste på ei lang liste med helsingar var Knut J. Tryggestad frå Sunnylven pensjonistlag. Han etterlyste ”Skramlå”, laget si trekkemaskin ved basarar som Magne Frøysa laga ein gong. Det hadde kan hende vore den aller største gledespredaren i sanitetslaget gjennom alle år, sa Tryggestad.
”Skramlå” var på plass i utstillinga som sanitetslaget hadde laga. Under trekning av siste gevinst i jubileumslotteriet vart apparatet henta og Knut J. Tryggestad og Anne Gausdal leita fram kulene med tala på.
Gevinsten, ei flott bunadsdukke vart vunne av Paul Stadheim.
Styremedlem Ruth Hole Aaland takka på vegne av jubilanten.
-Vi er overvelda over alle gåver og gode ord, nærmast litt satt ut. Å ha gode medspelarar i lag og enkelpersonar er avgjerande for å få utført godt arbeid.
Samarbeidet håper vi vil fortsette og vi seier tusen takk til alle. Vi treng kvarandre til å lage fest, også i kvardagen-, sa Ruth Hole Aaland.