Lokalnytt

Mange innom hellesylt.no

På 17. mai var mange innom nettstaden hellesylt.no. Frå kl. 08.00 til 22.00 vart det registrert 5048 unike treff.

757 treff vart registrert kring kl. 10.00 då cruisebåten Empress var venta inn til den nye kaia. Nettstaden har fleire kamera som dekkjer det meste av Hellesylt sentrum, også nye-kaia.

Besøket på hellesylt.no 17. mai er ny rekord for ein dag. Det meste før var kring 2700.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380