Lokalnytt

Matias Orheim-kveld på Hellesylt

To av dei medverkande er Linda Øvrebø og Frode Rasmussen.
To av dei medverkande er Linda Øvrebø og Frode Rasmussen.

Sogn og Fjordane Teater reiser rundt og viser musikkteatret ”Matias Orheim – med ord, felespel og glasmusikk”. Framsyninga blir vist i Sunnylven kyrkje tysdag 22. mai.

Salmediktaren Matias Orheim var frå Stårheim i Nordfjord. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt om i landet saman med kona Marie og forkynna. Også i Sunnylven var Orheim og heldt møte, siste gong i Bergly på Frøysa på 50-talet. På møta spela Orheim fele og glasmusikk. Han døydde i 1958, 74 år gamal.

Sogn og Fjordane Teater har teke tak i historia kring salmediktaren og laga ei musikkteaterframsyning.
Salmane til Matias Orheim står sentralt i stykket. Publikum får sjå glimt frå livet hans, som predikant og privatmann.
Orheim braut med den rådande pietismen og forkynte ein meir praktisk og gladare kristendom.
Kona hans, Marie stig fram i stykket frå eit meir usynleg tilvere. Ho stod ikkje bak han, men ved sida av han, og samlivet med henne var nok eit vilkår for Orheim sin kolosale skapartrong og utstrekte reiseverksemd.

I musikkteatret ”Matias Orheim – med ord, felespel og glasmusikk” av Mette Brantzeg og Norvald Tveit møter vi kjente skodespelarar som Frode Rasmussen og Linda Øvrebø.
Andre medverkande er Liv-Jorun Bergset, Randi-Merete Roset, Gro Marie Svidal, Rolf Prestø og Oddmar Amundsen.
Komponist og musikalsk arr: Per Janke Jørgensen.

Stykket blir vist i Sunnylven kyrkje 22. mai kl. 19.00
Bill. vaksen kr. 240.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380